tirsdag 15. september 2009

Kvifor eg aldri vil stemme FrP

Dette skulle vere unødvendig å opplyse om, men eg trur det kan vere nyttig å summere opp alt som feiler FrP, slik at det blir tindrande klart både for meg og for alle andre (dvs. dei to personane som eventuelt les dette) kvifor FrP ikkje bør stemmast på av nokon, og i alle fall ikkje av meg.

FrP er løgnarar: i alle intervju, på nesten kvart einaste spørsmål Siv Jensen blir stilt svarar ho unnavikande, tvitydig og kontrært. Ho har vent seg til at alle spørsmål ho får er kritiske (naturlegvis) og negativt ladde (kjempenaturlegvis) og har difor lagt seg til ein vane der ho ikkje svarar streit på noko som helst. Dette gjer ho (og alle andre som er høgt oppe i partiet) delvis av di dei vil oppnå complete deniability i ettertida ("det har vi ikkje sagt, eg har blitt feilsitert, vi har derimot sagt at..."), og delvis av di at visst Siv og co. hadde svart ærleg på ein del spørsmål ville folk ha blitt forferda. Mange FrP-tilhengjarar sin største kjepphest er at ein ikkje kan seie visse ting fordi dei ikkje er politisk korrekte (ein kan til dømes ikkje seie at ein ikkje vil ha kvitlauksstinkande terroristar i bygda si utan å bli stempla som rasist). Leiinga i FrP har tatt konsekvensen av dette, og det er difor dei vrir seg som slangar uansett kva ein spør dei om.
Dei lyg dessutan om at dei er for folk flest. Skatteletta som FrP foreslår vil stort sett berre komme folk til gode som hat over 5-600 000 i året i inntekt.

FrP er grådige, på ein Gulbrand Gråstein-aktig måte: FrP vil gå over lik for å få det som dei vil. I alle fall dyrelik. Det er visst om å gjere å ta ut mest mogleg olje og gass så fort som råd slik at ein kan tene mest mogleg pengar. Her er FrP så like ein arketypisk skurk-i-ungdomsfilm at det er heilt utruleg at ikkje fleire protesterer på dette. I samband med grådigheit kan ein også nemne svenskehandel og billigare sprit, men det er det alt sagt så mykje om at det gidd eg ikkje.

FrP syns alt skal vere lov, sjølv om det kanskje ikkje alltid er så lurt: når dei ein gong kjem til makta skal i alle fall eg køyre til butikken i over 45 km/t på mopeden min for å kjøpe vin. FrP trur nemleg ikkje på forskarar som seier ting dei er ueinige me dei i, som t.d. at menneske under 18 år ikkje har fysisk og mental kapasitet til å ha ansvaret for eit køyrety som går over 45 kilometer i timen, at alkohol er samfunnsskadeleg og avlar vald, at forbruk av fossile brennstoff er årsak til oppvarming av atmosfæren, osb., osb.

FrP er egoistar: dei vil ikkje betale for ting dei ikkje umiddelbart skal bruke sjølv. "Eg er ikkje sjuk og det går berre keisame program på NRK. Kvifor skal eg då betale skatt og TV-lisens?" Sjølv har eg ingenting i mot å betale for fellesgoder, til og med slike som eg ikkje nokon gong kjem til å nytte meg av sjølv (om alt går bra). Unntaket er Melodi Grand Prix. Eg syns ikkje lisenspengane mine skal betale for denne kitsch-driten.

FrP er mot sidemål: og det er gale. Tanken om at ein lærer dårlegare til meir ein lærer er feil. Og alle veit jo at det er ikkje sidemålet FrP har noko i mot, men at det eigentleg er nynorsken. Dette er eit problem for meg av opplagte grunnar (dette skal liksom vere nynorsk). FrP støttar dessutan berre høgare utdanning og forsking om den har noko med petroleumsutvinning (el.l.) å gjere - for forsking er visst ikkje noko som skal gjere menneska klokare, berre rikare.

FrP er rasistar: sjølv om dei har eit poeng mht. at norsk innvandringspolitikk ikkje er heilt i water, så er dei ikkje det rette partiet til å ordne dette. FrP sine motforestillingar botnar nemleg i framandfrykt og hysterisk kulturell proteksjonisme (sjølv om FrP-kulturen er svensktoppar og camping), og dei ville om dei fekk sjansen innføre tiltak som er enda meir inhumane enn dei vi alt har. Folk som ikkje vil snakke med mørkhuda menneske kan uansett ikkje klage om sistnemnde ikkje alltid glir inn i det norske samfunnet utan vanskar.

FrP kan ikkje rekne: det har i mange år blitt påpeikt at FrP ikkje kan pøse inn pengar i ein heil del sektorar, samstundes som dei gir skatteletter. Dei har aldri svart skikkeleg på korleis dei skal få til dette. No har dei oljefondet å støtte seg til. Dvs. at å stemme på Frp er litt som å be ein gamal alkis passe på lommeboka si. Eg har eit sterkt inntrykk av at FrP er fagleg inkompetente i alle dei sektorane dei er involverte i: kulturpolitisk talsmann har ikkje greie på kultur, økonomane kan ikkje noko om matte eller samfunnsøkonomi, osb.

FrP er for privatbilisme og mot kollektivtrafikk: noko som er miljømessig heilt på jordet.

FrP er kapitalistar som trur på ein fri marknad: det er og gjer ikkje eg. Eg trur derimot at kapitalismen treng ei rekke kontrollfunksjonar for å sjå til at inkompetente og grådige fjompenissar ikkje køyrer verdsøkonomien på ræva igjen. Eg vil ikkje ha kommunisme og planøkonomi, for all del, men eg stolar ikkje på dei som frekventerer børsane rundt om i verda.

I sum forfektar FrP etter mi meining fleire standpunkt som det er freistande å kalle for "vonde", hadde det ikkje vore for at det ordet er tømt for mykje meining etter å ha vore brukt av folk som G. W. Bush og Sarah Palin (sistnemnde om helsereforma til Obama - for det er nemlig vondskap å ville sjå til at alle har lik moglegheit til hjelp om dei skulle bli sjuke). FrP er i alle fall eit djupt umoralsk parti, sjølv om dei ikkje ser ut til å vere klare over dette sjølve. Dei har dei siste ti-femten åra jobba hardt for å framstå som eit respektabelt parti, og har etter diverse utreinskingar og fleire runder med profesjonalisering av partimaskineriet overtydd seg sjølve om at dei no faktisk har blitt respektable. Dei tar imidlertid feil. Eg meiner å kunne seie, med komplett saklegdom at FrP er blåbrunt, egoistisk, umoralsk, løgnaktig, kulturfiendtleg, rasistisk avskum og det er ei skam at så mange nordmenn stemmer på dei.

Ingen kommentarer: