tirsdag 24. februar 2009

S rasar mot PFU

Har PFU lest heile innlegget til Otto Jespersen, som dei no har felt (som det heiter) han for? For det har nemleg eg, og eg kan innrømme at det ikkje alltid er "to the best possible taste", men det er då vel faen brette meg satire dette her? Skjøner ikkje PFU at OJ tek på seg ein persona når han opptrer på TV? Skjøner dei ikkje at dette er parodi? Eller kanskje dei skjøner det, men uroar seg for alle dei dumme menneska der ute som tar alt OJ seier bokstavleg, eller som berre får sjå dei drøyaste delane av monologane tatt ut av samanhengen. I alle tilfelle: PFU er ein gjeng med kyllingar, og at dei einstemmig vart einige om at TV2 braut god presseskikk er ein forbanna skandale. Kvifor: jo fordi viss det blir presedens at ein legg seg flat for alle som kjenner seg trakka på i slike saker, så kan ein ikkje seie noko stygt om nokon lenger, anten det er satire eller berre ein nødvendig beskjed (nokon treng å høyre at dei er inkompetente/dumme/irriterande, og det må vere lov å seie i frå). I det siste har vi til dømes sett at artistar som får dei grønjævlige dritplatene sine slakta av meldarane faktisk går til rettssak! Åge Sten Nilsen, for eksempel, som kanskje har laga den styggaste musikken i historia (viss reklamefilmen for plata hans faktisk brukar dei beste sangane på plata er det grunn til å tru det), har meldt TV2 Nettavisen til purken. Han skulle hatt med øks og salt i ræva. Men det kan eg vel ikkje seie, for det er brot på god presseskikk frå no. Nei, no!

No!

fredag 6. februar 2009

Det har vore mykje å rase mot i det siste

...men det er diverre berre reiterasjon av gamle, dumme ting; alt har vore rast mot før, tykkjer eg.
Kva med å finne på noko nytt dumt?
Det einaste eg kjem på som plagar meg nok til å få meg rasande er ikkje noko nytt, men noko som har nått eit nytt botnnivå, nemleg moderne populærmusikk.
Det har aldri vore slik at popmusikk har vore nøydd til å reflektere djupare sider ved tilveret, eller vere spesielt nyskapande med høve til det musikalske. Eg klagar ikkje på at popen er platt og overflatisk. Men skal ikkje popmusikk vere catchy? Fengjande? Eg får ikkje fot av Britney sine nyaste greier, ei heller har eg sansen for Lady Gaga eller andre slike plasthekser (det må seiast at Lady Gaga har gjort heile plast-overflate-popkultur-greia til ein slags meta-ting, postmoderne og sjølvmedvite, men eg likar ho ikkje noko bedre av den grunn). Kvifor? Jo, fordi musikken er fullstendig FLAT. Det er fleire grunnar til det, trur eg, mellom anna er det måten platene er produkserte på som tar livet av musikken, men har og å gjere med at artistane er talentlause og at låtmaterialet er grusomt tynt, sjølv til popmusikk å vere. Heile den derre hip-hop og RnB-greia har blitt like elendig. Dette kan vi takke Autotune og Stargate for, mellom andre. I det heile teke har det byrja bli på høg tid med ei opprensking - ein ny musikalsk revolusjon på linje med Sex Pistols og Nirvana. Det er berre det at eg trur ikkje det kjem til å skje denne gongen. Musikkmarknaden er endra - mainstream har blitt veldig mainstream medan alt det andre har blitt veldig fragmentert. Eg trur ikkje vi kjem til å sjå eit annleis band eller ein annleis type artist som oppnår ålmenn popularitet nokon gong igjen. Men eg håpar eg tar feil.