fredag 26. desember 2008

To irriterande ting

For det første denne overskrifta i db.no: Nissedraktskytteren sprengre bombe etter sin død
Ja, det står "nissedraktskytteren" og det står"sprengre". Juleferievikarar, kanskje?

Eg har irritert meg over ein del språkting i det siste. Oppdikta døme (problemet er ikkje oppdikta, men samanhengen er): "Håndballjentene jakter VM-gull". Det heiter vel jaktar ? "Å jakte" er ikkje eit intransitivt verb, er det vel? Nytt for meg i så fall. Ellers er vanlegvis problemet at folk nyttar "på" for ofte, men ikkje denne gongen.

I BT såg eg dette: "Aldri har så mange sett den tradisjonelle lille julaftensendingen enn i år [på NRK, S anm.]". Det heiter faktisk som i år. Sidan dette var i BT får eg legge skulda på bergenserane si dårlege språkkjensle. Jaja, just blowing off some steam.

God jul!

torsdag 11. desember 2008

Kaldspel

Coldplay på Koengen er nesten utselt etter kort tid. Om lag to milliardar idiotar har kjøpt billett. For eit strålande høve for ein rasande mann til å rase vidare!

Gode grunnar til å hate Coldplay:

1. Dei trur sjølv at dei er eit av dei "store", "viktige" banda, at dei lagar musikk ein stad mellom Radiohead (kred) og U2 (stadion-appeal). Avstanden mellom kva Coldplay trur dei er og korleis dei framstår er massivt, sjokkerande enorm. Dessutan er U2 ikkje det beste bandet å etterape, uansett, sidan dei er ganske lousy dei og.

2. Chris Martin har stygg stemme (fact!).

3. CP lagar musikk for folk som ikkje er interesserte i musikk. Det er "fint", "melankolsk, men med eit lys av håp og positivitet", samstundes som det er politikk for folk som ikkje har greie på politikk. Dei frontar ein slags vag ide om positive tiltak i høve svolt, naud, miljø og liknande, med enda mindre truverdigheit enn U2. Det er Live Aid og Band Aid kondensert ned til eitt band. Og kven orkar vel å høyre på "Do They Know It's Christmas" på repeat?

4. Dei lagar stadig dårlegare låtar. Før så kunne sjølv den verste CP-hatar gå med på at dei kunne kløne fram eit iøyrefallande (om enn forutsigbart) pianotema eller liknande, men no er det berre ein graut av drit. Gi meg heller Keane. Dei lagar mykje meir catchy låtar, har ein mykje bedre vokalist, og lest ikkje som dei er noko anna enn eit posht pop-band.

5. Lat meg understreke dette, dog: det er ikkje dei politiske pretensjonane eller andre, tilsvarande image-ting som plagar meg mest med CP. Det er først og fremst den grønjævlig forferdelige, vasne, lunkne, slappe, keisame, heis- og kjøpesenterhelvetesmusikken dei lagar.

6. Og så er det sjølvsagt litt plagsomt at dei er så populære. Eg kan forstå at danseband- og køntrimusikk sel bra. Den musikken har i det minste ein slags funksjon, til dømes fest og dans på lokalet. Ikkje det at eg set så stor pris på slikt, men eg kan i alle fall forstå kvifor det sel plater. Men kva er vitsen med Coldplay, liksom? Kva kan ein bruke det til? Det er ikkje dansemusikk. Det har ingen fysisk utslagskraft whatsoever; den einaste kroppslege røyrsla CP inviterar til er å reise seg opp og skifte kanal på radioen. Kva med å vere deprimert tenåring med kjærleikssorg? Næh, CP sine tekstar handlar ikkje om noko, dessutan er det stort sett folk over 30 som høyrer på CP uansett. Kva med behagleg bakgrunnsmusikk på kjøpesenter? Nesten, men Chris Martin har som sagt alt for stygg stemme. Og dei er definitivt svært langt unna det ein kan kalle "alternativ" eller eksperimentell musikk. CP er omtrent like spennande som nudlar og vatn til middag (utan det forfriskande asketiske ved å ete den slags).
Coldplay er rett og slett ubruklege.

7. Coldplay er veldig, veldig velbemidla. Chris Martin har faktisk ein pengebinge. Samt ungar med tullenamn: Apple Blythe Alison Martin og Moses Bruce Anthony Martin.*

Kven er det eigentleg som likar Coldplay? Kva er det som fenger? Eg skjønner det verkleg ikkje. Mange vil sjølvsagt påstå at dette er eit spørsmål om subjektivitet, om smak og behag. Det er nok ikkje tilfelle. På same måte som ein ikkje kan påstå at barneporno og folkemord er eit smaksspørsmål kan ein ikkje seie det om Coldplay. Eg innrømmer gjerne at CP ligg litt lenger nede på overgrepsstigen, men det er like fullt overgrep dei driv med.


* Ein eg kjenner sa ein gong at satire er meiningslaust, fordi røynda alltid klarer å kome opp med noko som er drøyare enn kva satirikarane klarer å finne på. Det er derfor eg berre syt og klager, i staden for å kome med smart-ass ironi og slikt noko.

mandag 1. desember 2008

Test

Han vil ikkje gi seg.