fredag 26. juni 2009

Michael Jackson

Michael Jackson var ein forvirra gamal pedo med lupus, eit usunt tiløve til plastisk kirurgi og ein klessmak som blei utvikla på tidleg 80-tal og som sidan ikkje har endra seg. Det er over tjue år sidan han gav ut ein god låt, og musikken var vel aldri så bra i utgangspunktet, trass i at MJ og Quincy Jones sine produksjonar liksom skal vere så "geniale". OK, innanfor sjangeren "dansbar popmusikk" er det vel kanskje noko av det beste som har vore produsert, men det er litt som å vere eit av dei beste bedriftsfotballaga gjennom tidene: gjevt innanfor visse råmer, men i det store og det heile ganske ubrukleg. Det er dog litt synd at han strauk med før han kom i gong med den store comebackturneen. Eg var nyfiken på kva han kunne finne på i samband med den, men det er nok like greit at det ikkje blei noke av. Det kunne vorte veldig flaut.

Men likevel: Michael Jackson var heilt fram til sin død verdas mest berømte person. Og trass i all galskap, tvilsomme klesmak, passé dansing og ufyslige peding (verb; det pedofile gjer), så var han enormt godt likt av millionar av menneske som tok på alvor MJ sine bodskap om å "heal the world" osb., ting som blaserte menneske med god smak berre fnyser av. For dei var MJ ein genuint god og misforstått person som var oppteken av miljøvern, fred på jord og barnevern. Og dessutan har jo MJ fullstendig metta kulturen med seg sjølv dei siste 30 åra. Uansett kven du er: viss du er fødd i den vestlege verda (eller i store delar av resten av verda) mellom 1970 og 1990, så har du eit forhold til MJ. Andre megakjendisar som Madonna eller U2 er ikkje i nærleiken av å ha den same emosjonelle og fascinerande tilknytinga til deg og meg på eit personleg plan. Eg skjønner ærleg tala ikkje korleis dette er mogleg. Kanskje det er fordi han er eit svakt og forvirra menneskje, ulikt dei beregnande og usympatiske andre megakjendisane? Det blir i alle tilfelle veldig rart å ikkje ha han der lenger. Det finst ingen som kan fylle skoa til Michael. Heldigvis og dessverre.

1 kommentar:

_ sa...

It doesn't matter if you're black or white - da-da-da-da-da----da-da-da-da-da----da!

Ironisk...