torsdag 13. januar 2011

S introduserar svartblogging

Ikkje svart som i "gotisk" eller "mettall" [sic] eller "afrikansk," men svart som i "negativ," "kynisk," og "pessimistisk." Svart som blod i urinen, svart som døyande babyar, svart som sjølvmord på julafta. Og dette har ingenting med svart humor å gjere, berre så det er sagt; det er ingenting som er morosamt med dette.

Dagens svarte opplysing: innvandringsmyndigheitene var i sin fulle rett til å sende Maria Amelie ut av landet. Avgjerda er konsekvent, gjennomtenkt, riktig og rettvis, med høve til signaleffekt, med høve til dei gjeldande reglane og med høve til lik handsaming av liknande saker. Det er ikkje rettvist om ho får bli medan ein eller annan anonym somalier blir sendt heim i morgon. Likevel: det kan hende ho blir drept i Russland, kjærasten hennar savnar ho og ho savnar han. Det er veldig trist og det kan hende det går riktig ille, men slik er det.

Ingen kommentarer: